Garden
OM GARDEN
 

Aalstveit (Nedre, ogso kjent som Kyrkjeflatitn eller Flato)Gnr.55 br.nr 7 er eigd og drive av ekteparet Kirsten Aalstveit 41år og Jeremy Wilson 47år.

 

Aalstveit er først nemd i skattematrikkelen frå 1647. I følgje bygdebøkene frå Gol er det ogso nemd i samband med slaget ved Helsingvatnet omtale i Saga om Kong Sverre.

 

Garden vart delt i 1850 åra. Nedre Aalstveit vart bygd opp på ein plass dei kalla Kyrkjeflatitn. Stadsnamnet Aalstveit kan tyder ein førkristen hov, og det vart ofte praksisen at små kapellar eller kyrkjer vart bygd opp på dei gamle blotplassane i den første kristentida i Noreg. Kyrkjeflatitn vart til Flato, dette berre på folkemunn.

 

Kirsten (saman med Jeremy) overtok garden frå foreldrene i 1993, og   til 2002 held fram med mjølkeproduksjon. Dette inkluderte 2 -3 måneder på stølen Nøreli kvar somar – mjølking, ysting, kinning, ljåslått, hesjing m.m., noko Kirsten hadde lært i frå gommo og gofa si kvart år sida ho var 3 år. Frå 1993 la de om driften. Målet var, og er å halde jorda i hevd, halde gardstradisjonane oppe og samstundes utvikle andre aktivitetar knytt til desse.

 

Aalstveit ligg på 670 m.o.h.. Av den grunnen er grass mest aktuelt å dyrke – dermed dyrehald som driftsform. Valet fall på Gamalnorsk Spælsau - ein av dei få opprinnelege norske sauerasane som stammar antakelegvis frå før Vikingtida. I tillegg avlast det no skotsk Galloway frå dei gamle mjølkekyrne. Desse er veldig hardføre ammekyr som går saman med kalvane sine lenge. Både kyrne og sauene, får lov til å gå ute året rundt – med tilgang til hus om dei vil i haust- og vintersesongen. Frå desse dyra blir det omsatt kjøtt, ull og skinn. Les meir om dette under Gardsprodukter.

 

Gamalnorsk Spælsau og Galloway kyr er ogso nøysomme i matfatet, og er flinke til å halde kulturlandskapet oppe. Arbeid elles med kulturlandskapet føregar gjennom prosjekt med rydding av gamal beite- og slåttemark, rydding og resturering av gamal steingard, rydding av gamle stigar, resturering av høyløer og vedhogst. Mykje av arbeidet blir utført ved hand eller berre motorsag, og ofte blir virke kjørt fram med hest.