HeimVegen - Inn-På-Tunet
Tilbod til folk som har det vanskeleg med å meistre ein vanleg kvardag, men som har behov for å halde seg i meiningsfylt aktivitet. Det er ein føresetnad at evt. deltakarar/brukarar har ein interesse for handverk, dyr og frisk luft - dermed blir det størst sjanse for ei positiv utvikling og meistringskjensle.
Aktivitetane er basert på både den allsidege gards- og skogsdriften som me har på Aalstveit (sjå sida om gardsdrift), i tillegg er friluftsliv ein viktig del av kvardagen vår både personleg og som turisttilbod. Vi kan lett tilpasse kvar einskild sin kapasitet til fysik aktivitet i frisk luft. Arbeidet/aktiviteten kan føregå inne eller ute, avhengig av vær og føre, men hovedsatsen er på utearbeid. Me legg vekt på tryggleik og eit triveleg arbeidsmiljø samt rådgjeving om arbeidsstillingar og -teknikk. Tilboda er eit ledd i den heilskapeleg gardsverksemda vår; HeimVegen.
Det følgjer ei liste over høveleg aktivitetar/arbeidsoppgåver;
Foring og stell av buskap (Skotsk Galloway ammekyr/kalvar, Gamalnorsk Spælsau)
Skogsarbeid, tømmer og ved.
Arbeid med jorda.
Gjerding og laging av gjerdestolper frå eige virke.
Rydding av beite/kulturlandskap.
Snekkering og handarbeid.
Reparasjon av utstyr.
Korte og lengre turar til fots, på trugar og på ski.
Kanopadling
Båttur - robåt
Fiske
Overnatting i lavvu, telt, snøhule m.m.
Mykje av dette er sesongavhengig, og me har gode erfaringer med å tilpasse tilboda etter det.
Innanfor denne lista ligg potensialet for arbeids- og aktivitetstrening som kan føre til ein meir sjølvstendig arbeid for nokon;- rydding av kulturlandskap, oppsetjing av gjerde og ymse snikkering i samband med bygningsvedlikehald o.l. kan føre til sjølvstendig arbeid i oppdrag for dei mangfoldige hytteeigarar i Hemsedal som representerar mange attgrodde tomtar.
HeimVegen held kurs og dagsturar i friluftsliv, natur og kultur. Einskilde deltakarar med interesse og evne til slik kan også få grunnleggjande opplæring i vår form for vegleiing (guiding) i gards- og utmarksturisme, og kan vere med, etter kvart ,på ymse oppdrag. Dette kan også vera eit grunnlag for arbeid eller utdanning etter kvart.
Prisar; Pr. i dag tek me utgangspunkt i dei engasjement og avtaler som me alt har. For ein 6 - 8 timars dag er prisen kr.1200,-. Denne er eit grunnlagspris for einskilde individ. Vedr. grupper, kortare eller lengre oppdrag er både myndigheiter og tilbodarar på pionerstadiet i Hemsedal.
Om du trur at me har tilbod du treng tek gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat!