Grønn omsorg / Inn-På-Tunet
For tida er det ein del byggjeaktivitet på garden;- HeimVegen byggjer om det gamle mjølkefjøset til ein allsideg bygg som skal romme handverk, trening, terapi, sal av ull og skinn, m.m. Det skal også romme garderobe, w.c., kjøkken som me treng i samband med bl.a. Inn-på-tunet klienter.
Bygget skal takast i bruk i sin heilheit hausten 2010. Fram til då har me litt begrensa kapasitet. Men ta gjerne kontakt; så langt som mogleg er me løysingsorienterte!
 
HeimVegen - Inn-På-Tunet
 
Tilbod til folk som har det vanskeleg med å meistre ein vanleg kvardag, men som har behov for å halde seg i meiningsfylt aktivitet. Det er ein føresetnad at evt. deltakarar/brukarar har ein interesse for handverk, dyr og frisk luft - dermed blir det størst sjanse for ei positiv utvikling og meistringskjensle.
 
Aktivitetane dreier seg om den allsidege gards- og skogsdriften som me har på Aalstveit (sjå sida om gardsdrift). Dette kan lett tilpassast kvar einskild sin kapasitet til fysik aktivitet i frisk luft. Arbeidet/aktiviteten kan føregå inne eller ute, avhengig av vær og føre, men hovedsatsen er på utearbeid. Me legg vekt på tryggleik og eit triveleg arbeidsmiljø samt rådgjeving om arbeidsstillingar og -teknikk. Tilboda er eit ledd i den heilskapeleg gardsverksemda vår; HeimVegen.
 
Det følgjer ei liste over høveleg aktivitetar/arbeidsoppgåver;
 
Foring og stell av buskap (Skotsk Galloway ammekyr/kalvar, Gamalnorsk Spælsau)
Skogsarbeid, tømmer og ved.
Arbeid med jorda.
Arbeid i kjøkkenhagen.
Gjerding og laging av gjerdestolper frå eige virke.
Rydding av beite/kulturlandskap.
Snekkering og handarbeid.
Reparasjon av utstyr.
Stølsarbeid.
Handtering og bearbeiding av slakt, skinn, ull og horn.
 
Mykje av dette er sesongavhengig, og me har gode erfaringer med å tilpasse tilboda etter det.
 
Innanfor denne lista ligg potensialet for arbeidstrening som kan føre til ein meir sjølvstendig arbeid for nokon;- rydding av kulturlandskap, oppsetjing av gjerde og ymse snikkering i samband med bygningsvedlikehald o.l. kan føre til sjølvstendig arbeid i oppdrag for dei mangfoldige hytteeigarar i Hemsedal som representerar mange attgrodde tomtar.
 
Andre utviklingspotensial ligg i nisjeproduksjon. Opplæring om handtering og vidareforedling av slakt, ull, skinn og horn frå storfe og sau kan takast vidare.
 
HeimVegen held kurs og dagsturar i friluftsliv, natur og kultur. Einskilde deltakarar med interesse og evne til slik kan også få grunnleggjande opplæring i vår form for vegleiing (guiding) i gards- og utmarksturisme, og kan vere med, etter kvart ,på ymse oppdrag. Dette kan også vera eit grunnlag for arbeid eller utdanning etter kvart.
 
Prisar; Pr. i dag tek me utgangspunkt i dei engasjement og avtaler som me alt har. For ein 6 - 8 timars dag er prisen kr.1200,-. Denne er eit grunnlagspris for einskilde individ. Vedr. grupper, kortare eller lengre oppdrag er både myndigheiter og tilbodarar på pionerstadiet i Hemsedal, der begge partar må forhandle.
 
Om du trur at me har tilbod du treng tek gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat!