?xml:namespace>
Fjell Sangha – Kakuzankan –møtast kvar tysdag i salen på Aalstveit. Kl.1915. Vi lære, og praktiserer, meditasjon i dei fire stillingane; liggjande, sittande, ståande og gåande. Dette omfattar djup avspenning, behagelege sittestillingar, pusteøvingar. Qi Gong er ein viktig del av praksisen - les meir om dette ved å klikke deg inn på venstre sida her.
?xml:namespace>
I tillegg dannar vi Zen-turlag;- Å gå på tur over fleire minuttar, timar eller dagar i god norsk friluftslivstradisjon, oppmerksamt, med eit smil, interverande... Dette skjer etter avtale på visse tysdagskvelder. Elles organiserer vi meditative dagsturar, Retreat og liknande, med Friluftsliv som ramme og tema. Det blir ein glede å kunne praktisere i dype skogar, mektige høgfjell, ved ville vassdrag og på ski…
?xml:namespace>
?xml:namespace>
Gjennom meditasjon får vi innsikten som trengs for å leve meir harmonisk og stødig i kvardagen. Vi utvikler betre konsentrasjon, eit rolegare sinnelag og ein djupare forståing av, og medkjensle for, oss sjølv og andre. Fjell Sangha er eit trygt utgangspunkt for å kunne praktisere i kvardagen. Saman dannar vi ein sterkare energi og stemning som fremjar stadig djupare innsikt, og eit opplyst sinn.
?xml:namespace>
Nokre få av oss er Buddhistar, dei fleste ikkje. Vi legg vekt på ein fargerik åndeleg fellesskap og eit inkluderande miljø. Vi har alle vår eigen livsveg…
?xml:namespace>
Nybegynnarar og besøkande er alltids velkomne. Kom i laussitande kleder, fleire lag vis du frys lett. Vi sørger for at alle skal ha det så behageleg som mogleg. Elles held vi intro. kurs to gonger i året.
?xml:namespace>
Deltaking i gruppa kostar kr.750,- pr. halvt år. Dei første kveldane kan du prøve gratis. Prisar på nybegynnekurs er avhengig av varigheit m.m.
?xml:namespace>
Veglederen for gruppa er Jem Wilson Aalstveit. For meir info. ; info@heimvegen.no eller mob. 90656407.